Hjem

JULEMINNER

Juleminner er ei påminningsbok samstundes som den er ei minnebok. I boka er det plass til skrive ned korleis du feira di jul, -med plass til ti framtidige julefeiringar. I Juleminner finn du eit knippe kjente og kjære julesangar. Oppskrifter på knallgode julekjeks, samt plass til å skrive inn dine eigne favorittar. Juleminner er ei stemningsbok som me håpar vil bli ein del av din juletradisjon.

 

 

 

 

 

 

Dersom du har PayPal konto kan du benytte deg av den, viss ikkje kan du betale med bankkort eller visa.

Innbinding: Spiralperm.

Antal sider: 136.

Pris: 99,-

Førjulstida går ofte veldig fort. Det er mykje som skal gjerast og det er mange ting ein skal hugse på før alt er klart til jul.

 

Denne boka er tenkt å vera ei slags minnebok i juleførebuingane.

 

Her er det plass til å skrive ned t.d. kven ein skal skrive julekort til, gode oppskrifter, kva kjøpte me i julegåve og til kven i fjor?

 

Kva gjekk bra med førebuingane, og kva bør me gjere annleis til neste jul?

 

Kvar familie har sine tradisjonar, og her kan du skrive ned korleis du lagar og feirar jula di.

 

Me håpar at boka kan vera til inspirasjon og til hjelp i ei travel førjulstid, og at ho blir di eiga personlege juleminnebok.

juleminner.no © 2013 • Privacy Policy • Terms of Use